Blomster

Ny naturkartlegging i Aukra

Fylkesmannen i Møre og Romsdal melder at det nyleg er avslutta eit arbeid med ei avgrensa kartlegging av kulturlandskap langs kysten i Møre og Romsdal. Registreringa er gjort på holmane vest for Småge og Horrem i Aukra og Sør – Ramsøya i Averøy kommune. Det er biolog John Bjarne Jordal som har gjennomført undersøkinga på vegne av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Jordal er godt kjent her i kommunen gjennom fleire oppdrag med kartlegging av biologisk mangfald og naturtypar.

Rapporten har fått namn: «Undersøkelser av noen kulturlandskap i Aukra og Averøy, Møre og Romsdal i 2015». Rapporten finn du i høgremenyen.

Tips ein ven Skriv ut