showImage

Kristoffer Moene Rød fekk Drømmestipendet

Kristoffer (19) frå Aukra er ein av 100 unge talentfulle utøvarar innan kunst og kultur som fekk tildelt Drømmestipendet, som Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping står bak. For Kristoffer kom stipendet på eit perfekt tidspunkt.
 

Drømmestipendet vart delt ut torsdag 8. juni på Aukratun. Ordførar Aud Mork overrekte ein sjekk på 10.000 kr, ein diplom og ein raus klem til den glade vinnaren.

-         Heilt utruleg at eg fekk stipendet. Det kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt. Eg står no framfor eit vegskilje, der eg skal finne ut om eg skal satse vidare på musikken eller ei. Å få denne tilbakemeldinga er ein herleg kjensle. Den stadfestar at det er rett for meg å fortsette med musikk. Dessutan er eg lukkeleg for at kulturskulen har funne meg som ein verdig kandidat, sa drømmestipendiaten.

 Kristoffer Moene Rød

 

Kristoffer vil bruke stipendet til skulepengar til Romerike folkeskole som han skal begynne på til hausten. Dei siste åra har han vore elev på musikklinja på Molde vidaregåande skole.

Aukra Kommune sin kandidat blei valt ut blant fleire gode talent i kommunen fordi han har vist stor breidde både i uttrykksform og sjanger, og markert seg lokalt og regionalt mellom anna på Gossetrøkk og Ungdommens Kulturmønstring.

 Kulturskoleelev

-         Kristoffer Moene Rød har tidligare vore elev på kulturskolen i fleire fag, og det er no gledeleg å sjå at han med talent, arbeidsinnsats, vidare skolegang og interesse til å vidareutvikle seg som utøvande musikar og artist når opp blant dei nominerte til Drømmestipendet, seier kulturskolerektor i Aukra, Marianne Myrbostad.

Målet med Drømmestipendet er å gi unge talent høve til å utvikle seg vidare innan sitt område. Det består av 100 stipend á 10 000 kroner, som kan delast ut til enkeltpersonar eller grupper. Barn og unge under 25 år, som ikkje er etablerte kunstnarar, er målgruppa for stipenda. Alle kommunane i landet er invitert til å innstille éin kandidat. Totalt er det mottatt 156 søknader. Dei nominerte er valt ut blant meir enn 1000 enkeltutøvarar eller grupper i heile landet.

 

Tips ein ven Skriv ut