showImage

Kristine og Andreas nye ungdomsleiarar

Dei vil jobba for at ungdom i Aukra skal få ein plass å møtast, og for at ungdom skal ha lyst til å flytta tilbake til kommunen etter utdanninga. Kristine Hollingen er valt til ny leiar i Aukra Ungdomsråd og Andreas Oterhals til nestleiar.

 

 

 Leiarar i Ungdomsrådet

 Kristine Hollingen og Andreas Oterhals

Tre rådsmedlemmar stilte til val, men Kristine Hollingen frå Julsundet trakk det lengste strået på det første møtet i ungdomsrådet i 2006. No vert oppgåva å leie møta, sørgje for at alle får prate etter tur, og snakke med dei vaksne i kommunen, fortel den nybakte leiaren. Sjølv er ho oppteken av fritidstilbod til unge og eit godt skulemiljø.

 

 

-         Eg syns det er viktig at alle har eit fritidstilbod i Aukra, og ikkje berre dei som likar dei tradisjonell aktivitetane. Det er viktig at det ikkje er kjedelig her, vi må jobba for at det skal vere attraktivt å flytta tilbake til Aukra for ungdommar som er ferdige med utdanninga, meiner leiaren.

 

Ein stor mangel i kommunen er møteplassar for ungdom. Dette ynskjer ho å endre på.

-         Vi treng for eksempel ein ungdomskafe eller ein fritidsklubb. Ungdom i Julsundet har fått ein fritidsklubb, men Gossen er det ingen ting, bortsett frå Open Hall, fortel Kristine.

 

Talerøyr for ungdom

Ho ønskjer at rådet skal ta ei meir aktiv rolle, men også at kommunen i større grad skal bruke rådet som eit talerøyr for ungdom. På fleire av møta i rådet har det vore til stades ein representant frå kommunen som har informert om planar for utbygging og sentrumsutvikling. Dette opplevde ho som svært positivt.

-         Vi fekk kome med innspel og uttale oss om planane. Då følte vi at vi fekk delta og at vi blei høyrde, fortel Hollingen.

Ho oppfordrar ungdom til å ta kontakt med rådet, til å fortelje kva dei ønskjer eller kva dei er opptekne av. Etter vedtektene skal ungdomsrådet ta vare på interessene til dei unge og vere ein felles arena. Dei skal også fungere som ein høyringsinstans i saker som vedkjem barn og unge. Ungdommens kulturmønstring og kampanjen Trygt heim for ein 50-lapp er aktuelle saker dei jobbar med.

 

Tips ein ven Skriv ut