Bilde av Gossen fra Nyhamna, Beredskap

Krisehandtering

Det er politiet som har det operative ansvaret ved større ulykker. Politiet kan be kommunen si kriseleiing om å setje i verk tiltak for å lindre omfang og skader. Kvar kommune har si kriseleiing som vert kalla inn visst ei større ulykke/krise skjer.

Kriseleiinga i Aukra kommune:

Ordførar
Rådmann
Varaordførar
Teknisk sjef
Helsesjef
Kommunalsjef
Beredskapskoordinator
Politi
A/S Norske Shell
Brannsjef

Ordføraren har det formelle ansvaret for kriseleiinga, og rådmannen har det operative ansvaret for mannskap og tenester som skal tre i kraft.

Aukra kommune arbeider for å førebyggje alle typar skader og for å vere best mogleg førebudd på at krisesituasjonar kan skje. Vi gjer dette i samarbeid med mange andre aktørar for at innbyggjarane i Aukra kommune skal leve i eit trygt og godt lokalsamfunn.

Tips ein ven Skriv ut