Aukraheimen framside

Kortidsopphald i institusjon

Målgruppe er personar som har behov for rehabilitering, observasjon eller utgreiing.

Korttidsdopphald har fokus på trening eller utgreiing og behandling, slik at brukar etter kvart kan fungere i eigen heim. Tilbodet skal vere førebyggande for innlegging i langtidsopphald. Opphaldet kan vare frå nokre dagar  til fleire veker.  Opphaldet skal ha ei klar målsetting som er utarbeidd i samarbeid med brukaren. Personalet skal motivere til sjølvhjelp og bruk av pasienten sine eigne ressursar. Personalet i tett samarbeid med fysioterapeut/ergoterapeut skal bidra til utprøving/tilrettelegging av hjelpemiddel og anna treningsopplegg. Utskriving frå institusjon blir planlagt i lag med heimebasert omsorg, pasient og eventuelt pårørande. Pårørande må hjelpe pasienten med tenester utover det institusjonen kan tilby t.d følgje til sjukehus, tannlege o.l. Alle private klede skal vere merka. Institusjonen kan ikkje ta ansvar for klede som ikkje er merka.

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Aukraringen 25, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30
Einingsleiar Siri Halvorsen  mobil 976 45 133

 

Tips ein ven Skriv ut