Hender

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 7 - 3, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen.

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 6 seier at koordinerande eining skal medverke til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. Koordinerande eining skal ha eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator. Søknad om induviduell plan skal sendast Nav.

Kva kan koordinerande eining hjelpe deg med?

  • Koordinere tenestetilbodet innanfor habilitering og rehabilitering
  • Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i kommunen og formidle kontakt med tenester som er aktuelle i din situasjon
  • Tildele brukarkoordinator
  • Tildele individuell plan
  • Skape samhandling mellom tenesteytarar og ulike tenestestader, og arbeide for kvalitetssikring for rutinar som sikrar flyt mellom tenester
  • Vere eit knutepunkt for samarbeid mellom kommunen og dei statlege institusjonane

Kontaktinformasjon

Fysioterapeut Inga Sølvi Korsvik Melby, tlf 71 17 14 25 / mobil 474 51 611
Adresse: Aukraringen 17, 6480 Aukra

Tips ein ven Skriv ut

Artiklar og nyheiter