Aukra_kommune_STAA_CMYK

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet for Aukra vart godkjend i Kgl. res. av 22. mai 1987

Kommunevåpenet viser ein handleddring i gull som vart funnen på prestegårdens grunn i Aukra i 1936. Ringen er frå bronsealderen, omlag 1000 år f.Kr. Ingen andre slike ringar er funnen i Norden, og berre eit par funn frå Sør-Sverige kan samanliknast med denne.

Ringen er ca 8 cm i diameter, er laga av 21 karat gull og veg 65 gram.Ringen er ei svært sjeldan og verdifull oldsak og vitnar om Aukra si fleire tusen år gamle soge som buplass for menneske.

"Ringen er eit symbol på samarbeid, truskap og kjærleik. Mange vil kanskje assosiere motivet med solnedgangen over havet, eit kjært syn for oss kystbuarar i vest".

Dei to ringane kan også symbolisere "Julsundet og Gossen med blått hav imellom. Åpne ringar som gjev og tek imot positive impulsar seg imellom og til og frå eit omland". (Sitat frå Knut Rød).

Kommunevåpenet er tilpassa dei heraldiske krava. Opprinneleg var forslaget basert på ein gullring, men for å bli godkjend av Riksantikvaren fekk kommunevåpenet to identiske ringar.

Kommunevåpenet er basert på eit forslag frå Knut Rød.

Tips ein ven Skriv ut