Kommuneplan+arealdel

Kommuneplanen sin arealdel 2016 - 2028 - Melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har Aukra kommunestyre i møte den 07.02.2017, sak 12/17, vedteke kommuneplanen sin arealdel 2016 – 2028.

Kommuneplanen sin arealdel fastset framtidig arealbruk for kommunen, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak, som nemnt i plan- og bygningslova § 1-6. Tiltak etter § 1-6 må ikkje vere i strid med planen sine arealføremål og generelle føresegner eller føresegner knytt til arealføremål og omsynssoner. Sjå plan- og bygningslova § 11-6 om rettsvirkning av kommuneplanen sin arealdel. Kommunestyret sitt vedtak av kommuneplanen sin arealdel kan ikkje påklagast, jf. plan- og bygningslova §11-15.

Merk også kommunestyret sitt vedtak i k-sak 37/17 den 25.04.2017 der kommunestyret sluttar seg til naudsynt endring av plankart og ny retningslinje til § 1.1 i føresegnene til planen.

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 vert planvedtaket kunngjort i Romsdals Budstikke, og sendt til berørte partar per brev/e-post.

Saksdokument

Plankart

Føresegner

Planomtale

Konsekvensutgreiing

Temakart 1 - 10

Særutskrift sak 12/17

Særutskrift sak 37/17

Tips ein ven Skriv ut