showImage

Kommunalkomiteen til Aukra

Torsdag 12. oktober kjem Stortingets Kommunal- og forvaltningskomite på besøk til Aukra kommune, der dei vil få nærare kjennskap til arbeidet med Ormen Lange-utbygginga.
 

På kommunehuset vil komiteen få ein presentasjon av kommunen sine forventningar og erfaringar med Ormen Lange-utbygginga.

 

Etter dette reiser komiteen til Nyhamna, der dei vil få ei omvisning på anlegget. Hydro og Shell er vertskap og vil orientere om arbeidet med Ormen Lange.

 

På fredag reiser komiteen til Kristiansund, og der dei får høyre om arbeidet med kommunesamanslåinga Kristiansund-Frei.

 showImage.asp?imgID= 5472

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut