Kommunale planar

Klagerett

Gi ditt syn til kjenne!

Reguleringsplanane vert presentert i ulike stadier: Ved oppstart, ved offentleg høyring og endeleg vedteken plan.
Vi ønskjer at så mange som mogleg gir til kjenne sitt syn på aktuelle planforslag.

Klagerett på vedtekne reguleringsplanar
Kommunestyret og Formannskapet sine vedtak om reguleringsplanar kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter kunngjering, jfr. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap VI. Klaga skal vere grunngjeven, og skal sendast til:

Aukra kommune
Aukraringen 25
6480 Aukra

Godkjent reguleringsplan er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i plan- og bygningslova §§ 20-1, 20-2 og 20-3. Dette omfattar også frådeling og annan bruk som kan vanskeleggjere gjennomføringa av planen,  jfr. plan- og bygningslova § 1-5 og 1-6.  Krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova, eller innløysing etter § 15-2 i den same lova, må settast fram seinast 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Slikt krav om erstatning og innløysing skal rettast til Aukra kommune.

Tips ein ven Skriv ut