Klagerett / krav om erstatning (gjeld plansaker)

Generelt

Reguleringsplanane vert presentert i ulike stadier: Ved oppstart, ved offentleg høyring og endeleg vedteken plan. Vi ønskjer at så mange som mogleg gir til kjenne sitt syn på aktuelle planforslag.

Tenesteomtale

Kommunestyret og Formannskapet sine vedtak om reguleringsplanar kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter kunngjering, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap VI. Klaga skal vere grunngjeven og sendast til Aukra kommune.

Godkjent reguleringsplan er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnde i plan- og bygningslova §§ 20-1, 20-2 og 20-3. Dette omfattar også frådeling og annan bruk som kan vanskeleggjere gjennomføringa av planen,  jf. plan- og bygningslova § 1-5 og 1-6. Krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova, eller innløysing etter § 15-2 i den same lova, må settast fram seinast 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Slikt krav om erstatning og innløysing skal rettast til:

Aukra kommune
Aukraringen 25
6480 Aukra

Kriterium/vilkår

Vedtak om reguleringsplanar:

  • innan 3 veker etter kunngjering
  • skal vere grunngjeven
  • sendast til Aukra kommune

Krav om erstatning

  • seinast 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna
  • skal rettast til Aukra kommune

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Klagen må vere skriftleg og underteikna. Den skal nemne det vedtaket det klages over, og den eller dei endringane som er ønskt. Du må også grunngje klagen og gje eventuelt andre opplysningar som kan ha betydning for klagen.

Vedlegg

Alle dokument som du trur kan opplyse saka.

Tjenesten oppdatert: 14.06.2016 14:28