Kanoar i bruk ved Smågevatnet

Kano

Å padle kano ved Smågevatnet kan vere ein fin måte å få gode naturopplevingar på for både barn, ungdom og vaksne. For å få ei god padleoppleving er det viktig å ferdast innanfor sikre rammer.

Kanoane er festa med kodelås. For å få vite koden må du ta kontakt med kommunehuset i opningstida mellom 08.30 -15.30, eller Bergtun etter kl 15.30.
Redningsvestar og ekstra årer kan lånast på Bergtun.
Telefon kommunehuset: 71 17 15 00
Telefon Bergtun: 71 17 30 02

Informasjon ved lån av kano ved Smågevatnet

  1. Ved lån av Aukra kommune sine kanoar ved Smågevatnet skal redningsvest nyttast når ein er ombord i kanoen.
  2. All padling skjer på eige ansvar
  3. Barn under 18 år må ha følgje med vaksne

Vis omsyn til nokre sikkerheitsmoment ved kanopadling:

  • Vind
  • Bølgjer
  • Kor utsatt det er med tanke på opne strekningar og i forhold til ilandstigning
  • Temperatur i vatn og luft

Med ønskje om ein god padletur!