GossenBU3 nett

Kameraovervaking ved Gossen barne- og ungdomsskole

Gossen barne- og ungdomsskole har fått kameraovervaking.Føremål for kameraovervaking er å førebygge uønska ferdsel med fare for personskade (vern av liv og helse) og skade på bygningar.

Overvaking av skolebygg skal følgje skoleruta, dvs. at det vert døgnovervaking alle dagar utanfor alminneleg skole-/SFO-tid, samt at det ikkje vert overvaking i opningstida til SFO i feriane. Tilsette, foreldre og barn vert varsla om overvakinga av skoleleiinga ved skolestart hausten 2017.

Skoleområdet vert overvåka av Aukra kommune og overvakinga er skilta.

Tips ein ven Skriv ut