Jordmor

Jordmorteneste

F.o.m. 1.november 2015 samarbeidar Aukra og Molde kommune om denne tenesta.  Jordmor Elisabeth Herje Sogge er tilgjengeleg alle kvardagar. For timebestilling og andre førespurnadar ta kontakt på sms tlf. 477 03 550.

Jordmortenesta er organisert som ein del av helsestasjonsvirksomheita. Kontoret til jordmor er på helsestasjonen på Gossen. Jordmortenesta har som mål å ivareta det ufødte barnet, den gravide og hennes familie gjennom svangerskapet, fødselen og den første tida etterpå.

Jordmor Elisabeth Herje Sogge er tilgjengeleg på helsestasjonen mandag og onsdag. For timebestilling og andre førespurnadar ta kontakt på sms tlf. 477 03 550.

Jordmor tilbyr svangerskapsomsorg i samsvar med "Retningsliner for svangerskapsomsorg" - sosial og helsedirektoratet 2005:

  • Svangerskapskontrollar etter anbefalt oppsett, men hyppigare ved behov.
  • Svangerskapskurs ved behov.
  • Heimebesøk etter fødsel. Heimebesøk kan også avtalast i svangerskapet ved behov.

Ønskjer du å ta med deg nokon til timane så er du hjarteleg velkomen til det. Blivande foreldre er velkomne til jordmortenesta og helsestasjonen.

Den gravide tek sjølv kontakt med jordmor for avtale om time.

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon
Jordmor Elisabeth Herje Sogge tlf 477 03 550
Adresse: Aukraringen 17, 6480 Aukra
 

Tips ein ven Skriv ut