Ungdata

Invitasjon til Ungdata-presentasjon med gruppedrøfting

Aukra kommune har gjennomført Ungdata-kartlegginga på ungdomstrinnet to gonger, i 2014 og 2017. No er kommunen i gong med å skrive ein barne- og ungdomsplan. Det er og ei stor satsing på barn og unge når det gjeld folkehelse, tidleg innsats.

Paul Gabor og Kolbjørn Gjære frå KoRus (Kompetansesenter rus Midt-Norge) kjem til kommunen for å presentere resultata for elevar på ungdomstrinnet på dagtid og for forledre, lærarar, andre tilsette i kommunen, politikarar og andre interesserte på kvelden i veke 9. Etter presentasjonen set vi oss i mindre grupper og drøftar problemstillingar frå undersøkingane. Det er sett opp to datoar du kan velje mellom og vi håpar på stor oppslutning.

Stad Dato og klokkeslett
Gossen barne- og ungdomsskole tysdag 27. februar kl. 18.00
Julsundet skole torsdag 01. mars kl. 17.30


Velkomen!

Tips ein ven Skriv ut