Introduksjonsprogram for innvandrarar

Norsk- og samfunnsundervisning

Innvandrarane i Aukra deltek i introduksjonsprogrammet norsk- og samfunnsundervisning ved Molde vaksenopplæringssenter

Introduksjonslova (gjeldande frå 1. september 2004) er obligatorisk for alle kommunar som buset flyktningar etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Målet med programmet er å føre den einskilde flyktningen/deltakar raskast mogeleg fram til aktiv deltaking i ordinært samfunns-, utdannings- og arbeidsliv. Deltakaren skal starte i programmet innan 3 månader vedkomande er busette i Aukra.

Etter at deltakarane kan kommunisere på enkel norsk skal norskundervisninga kombinerast med to dagar i språkpraksis. Ein språkpraksis er ei utplassering på ein arbeidsplass kor deltakarane får praktisert norsk og får kjennskap til norsk arbeidsliv. Her er deltakarane fram til dei består norsk språkprøve.

Etter språkprøven kan introduksjonsprogrammet innehalde førebuande kurs til arbeidslivet, arbeidspraksis eller førebuing til vidare utdanning.

Introduksjonsprogrammet varer inntil 2 år, skal vere fulltid og heiltid (dvs. normalt arbeidsår) og utløyser ein introduksjonsstønad på 2 x Folketrygdens grunnsum.

Tips ein ven Skriv ut