Aukraheimen inngangsparti

Institusjonstenester - Aukraheimen

Aukraheimen er ein sjukeheim med 3 avdelingar og 38 plassar.
Alle bebuarane har einerom

Aukraheimen tilbyr kort- og langtidsopphald til menneske som treng heildøgns pleie og omsorg i samband med aldring, trening etter sjukdom / operasjonar eller lindrande behandling ved alvorleg sjukdom og død.  Pårørande som har tyngande omsorgsoppgåver kan få avlasting ved at den hjelpetrengande får korttidopphald ved Aukraheimen.

Sørbo: 16 sjukeheimsplassar der 1 plass er avsett for lindrande behandling. Lindrande eining er tilrettelagt slik at  pårørande kan vere tilstades heile døgnet.

Nordbo: 16 sjukeheimsplassar

Lillebo: Skjerma eining for personar med demens med 6 plassar.

Eigabetaling: Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn
Vedteke i k-sak 106/14
  • Eigabetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert berekna ut frå bebuar si inntekt i tråd med forskrift.
  • Dag- eller natt-opphald og korttidsopphald inntil 60 døgn har maksimalpris fastsett i Forskrift
  • Avlastingsopphald skal ikkje ha eigabetaling
  • Har bebuar vore på korttidsopphald eller anna institusjonsopphald over 60 døgn i inneverande kalenderår, betalast det for langtidsopphald frå dag 1.
  • Det er mogleg å søkje om frådrag i ei begrensa periode ved korttidsopphald over 60 døgn. Ein kan få innvilga frådrag for boutgifter (straum, husforsikring, husleige, kommunale avgifter). Om ein har innskot i banken på over 2G, vil ein ikkje få innvilga søknad om frådrag.

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Aukraringen 25, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30
Einingsleiar Siri Halvorsen mobil 976 45 133

 

Tips ein ven Skriv ut