Innsyn, saksbehandlingstid og klage

Postjournalen inneheld ei oversikt over intern korrespondanse og post sendt til og frå Aukra kommune.

Generelt
Den publiserte journalen viser arkivdelane SAK og GBNR.
Postjournalen inneheld ikkje opplysningar frå fagsystem eller arkivdelane BARN, ELEV, SKATT, PERS

Kommunen sin postjournal blir publisert med ei forseinking på 4 dagar. Offentleg postjournal over alle arkivdelane blir utskriven og gjort tilgjengeleg i ekspedisjonen på kommunehuset.

Utval - Politiske saker til behandling
Publikum får tilgang til møtelan for styre, råd og utval. Der ligg møteinnkallinga og møteprotokoll med tilhøyrande saksframlegg med vedlegg. NB: Komplett møteinnkalling vil ofte vere store dokument som kan vere tunge og laste ned.

Innsyn
Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande registre. Alle saksdokument i kommunen er offentlege om det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan kan unnatakast frå offentlegheita, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør bli gjort kjent, heilt eller delvis, jf. offentleglova § 11.

Større openheit og enklare innsyn i kommunen sine aktiviteter, er ein styrke for lokaldemokratiet. I følgje offentleglova § 28 kan krav om innsyn rettast munnleg så vel som skriftleg til Aukra kommune. Kravet bør likevel vere retta mot ei bestemt sak eller ein spesifikk type saker.

Saksbehandlingstid
Krav om innsyn vil normalt bli behandla i løpet av 3 arbeidsdagar. Om svar ikkje er motteke i løpet av 5 arbeidsdagar, er dette å rekne som eit avslag som kan klagast på. Klageinstans vil vere Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Avslag/klage
Eit direkte avslag på krav om innsyn vil komme skrifleg og vil vise til aktuell heimel i lov eller forskrift for avslaget, samt opplysning om 3 veker klagefrist, jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare omtalt i offentleglova §§ 31 og 32.

All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje er omfatta av teieplikt. All post kjem på offentleg postjournal. Det vil seie at du kan finne ditt brev omtalt, sitert eller heilt eller delvis attgjeve i avisa eller på nyheitene.

E-post er ingen trygg sendemåte. Send difor ikkje sensitive opplysningar i e-post. Den kan bli henta av andre før den kjem fram til mottakar, hamne på feil adresse eller anna.

 

Tips ein ven Skriv ut