Fotograf Mona Langset VG

Inkluderingspris 2017

Kulturavdelinga sin inkluderingspris vert delt ut i 2017

Vi veit at fritidsaktivitetar og frivillig engasjement har mykje å seie for trivsel og tilhøyre i lokalsamfunnet. Eit trygt og godt nabolag er også avgjerande for å fremme god folkehelse og gode oppvekstvilkår. Uformelle møteplassar kan vere staden der nye innbyggarar blir kjend og steget inn i fritidskulturlivet kan bli lettare å ta. Slike møteplassar kan vere i nabolaget ditt, eller på offentlege møteplassar. 

Kulturavdelinga har som mål at alle skal kjenne at dei høyrer til i Aukra, men for å lykkast er vi avhengig av å samarbeide med dei frivillige i kommunen. Når vi alle gjer vårt beste får vi til det! Barn og unge, vaksne og eldre, alle kan bidra.

Vi håper at Inkluderingsprisen kan motivere, men ikkje minst skape auka medvit om kor mykje det betyr at vi engasjerer oss for å betre kvardagen til menneskjer som kan oppleve at terskelen er høg for å vere med.

Kulturavdelinga skal dele ut prisen til ei velforeining eller ein frivillig organisasjon som utmerkar seg spesielt i 2017. Prisen går til den som har gjort ein ekstra innsats utover det vanlege for å inkludere naboane i velforeiningsområdet eller innbyggarar i kommunen. Inkluderingsprisen skal vere eit synleg bevis på at Aukra kommune verdset det frivillige bidraget til å gjere kommunen til ein god bukommune der folk trives og vel å bli buande.

Statuttane for denne prisen er enkel;

  • Prisen vert delt ut til det laget eller organisasjonen som har gjort ein spesiell inkluderingsinnsats i kommunen det siste året.

  • Prisvinnaren vert kåra i samband med førjulssamlinga for frivillige, lag og organisasjonar i desember. Vinnaren får eit synleg bevis i form av ei gåve.

  • Alle kan nominere kandidatar innan 1. desember kvart år. Prisen vert lyst ut på kommunen si heimeside, i kommuneavis og sosiale media.

  • Dersom det ikkje er kandidatar til prisen, vert prisen overført til året etter.
     

Kontakt
Kultursjef Anne Jorunn Sandøy   71 17 15 75

Fotograf: Mona Langset VG

Tips ein ven Skriv ut