GossenBU3 nett

Informasjonsmøte på Gossen barne- og ungdomsskole

Tema: Innskriving 1. klasse hausten 2018

Gossen barne- og ungdomsskole ønskjer å invitere foreldre til barn som skal starte på skolen i august 2018 til eit informasjonsmøte.

Dato: Tysdag 6. mars 2018
Tid: kl. 19.00 - 20.30
Stad: Egget/auditoriet ved Gossen barne- og ungdomsskole. Bruk hovudinngangen.

Agenda:

  • Informasjon om skolen
  • Skolestart og litt om kva barnet ditt vil møte som 1.klassing
  • Overgang barnehage - skole
  • Besøksdagen i juni. Elevane får brev frå skolen med invitasjon.
  • SFO
  • Forventningar frå forledre/føresette
  • Evt. spørsmål

Meld inn barnet ditt på skolen elektronisk. Det er viktig for oss å finne alle opplysningane tidleg slik at vi har alt på plass i god tid før skolestart i haust.
Du finn følgjande skjema under skjema a-å eller i sidemargen:

  • Innmelding skole
  • Skolefritidsordning - ny plass, endring og utmelding
  • Søknad om skoleskyss
  • Fri frå undervisning

Les meir om skoleruta som innheld dato for skolestart og feriar.

Tips ein ven Skriv ut