A-symbol - grønn

Informasjonsmøte om Aukra omsorgssenter tysdag 9.februar kl.17.40

Stad: Gossen barne- og ungdomskole

Presentasjon av skisseprosjektet ved entreprenør og arkitekt

Aukra kommune skal bygge nytt omsorgssenter på Falkhytten som skal stå ferdig i april 2018. Seks entreprenørgrupperingar har deltatt i ein pris- og designkonkurranse, og 20.januar vart vinnar av konkurransen kåra.

HENT AS, i samarbeid med PKA Arkitekter, er valt som entreprenør. Omsorgssenteret blir på 5311 m2 bto., og tilbodet for entreprisekontrakten er på kroner 127 millionar eks. mva.

Bygging av Aukra Omsorgssenter skal gjennomførast som ein totalentreprise etter samspelsmodell. Prosjektet er i økonomiplana for kommande investeringar 2016 - 2019 ført opp med kroner 203 millionar.

Aukra kommune vil i første omgang teikne kontakt med entreprenøren om samarbeid i ei  samspelsperiode som går fram til midten av juni.  I denne perioden skal entreprenørgrupperinga, saman med brukarar og prosjektleiinga i Aukra kommune, utarbeide detaljar og tilpassingar som resulterer i eit forprosjekt m.a. med oppdaterte teikningar.

Forprosjekt med endeleg ramme for prosjektkostnad og kontrakt på byggearbeidet, skal handsamast av kommunestyret i månadsskiftet juni/juli 2016. Byggestart kjem etter dette.

Aukra kommune arrangerer eit ope folkemøte tysdag 9.februar kl,17.40 i Egget på Gossen barne- og ungdomsskole der entreprenør HENT AS med sine samarbeidspartnarar, presentere prosjektet.

Rådmannen

Tips ein ven Skriv ut