Nyland industriområde

Industriareal

Nyhamna i Aukra er ilandføringsstaden for Ormen Lange gassen, og enno er det råd å sikre seg attraktive næringsareal i nærleiken av ilandføringsanlegget. I Aukra finns det både private og offentlege tomter til konkurransedyktige vilkår.
 

Nyland industriområde

Kommunalt industriområde med ilandføringsanlegget som næraste nabo. Området er på omlag 220 dekar. 110 dekar er ferdig regulert, og utvidingar er planlagt (sjå i høgre-menyen).Ledig areal. Nytt vegsamband og gassrøyr inn til området.

Nautneset industriområde

Etablert kommunalt industriområde for sjørelatert næringsverksemd. Området er på totalt 20 dekar, med tilgang til kommunale kaier. Noko ledig areal.
Ved utleige av kai kontakt Molde og Romsdal Havn IKS, tlf. 71 17 16 20.

Hollingen industriområde

Etablert kommunalt industriområde på fastlandet, 15 km frå Molde. Området er på omlag 5 dekar. Noko ledig areal.
Utviding er under planlegging.

Tips ein ven Skriv ut