showImage

Husflidlaget inviterer til skattejakt

Har du sko, spenner, skjorter, liv, stakkar, skinnklede, knappar, sølv, band, brudestas, mannsplagg, brokselar, eller anna som høyrer med til påkledning frå før 1930 liggande ein stad i heimen? No skal det registrerast!

 

 

 Gamle klede, Romsdalsmuseet Aukra Husflidlag, Romsdalsmuseet og Bunad og Folkedraktrådet vil saman foreta ei registrering i Aukra kommune. Ting og plagg som vert registrerte skal berre lånast, og vert leverte attende til eigaren med ein gong registreringa er ferdig. Målet med oversikta er å få tak i særpreget som er knytt til klestradisjonane i ytre Romsdalen.

 

Frå vårt område er det nesten ikkje registrert noko i Bunad og folkedraktsrådet sitt arkiv. Difor tok regionkonservator på Romsdalsmuseet, Signy Haraldsen, kontakt med Aukra husflidslag og spurte om dei kunne setje i gang eit slikt arbeid. Det takka dei ja til.

Lokal mote

I bygdemiljø har klesskikken tidlegare ofte vore annleis enn motane i samtida, og variert frå distrikt til distrikt. Måten sambygdingane kledde seg på var førebilete for kvar einskild, særleg klesstilen til dei høgare sosiale lag. Det er dette lokale særpreget Bunad og folkedraktrådet vil ha fram.

- At ting er øydelagde gjer ingen ting. Det viktigaste er at vi får registrert kva materiale plagga er laga av og kva teknikkar som har vorte brukt, poengterer Hanna Valved Korsvik, leiar i Aukra Husflidlag.

Kunnskap om lokale klesskikkar har mellom anna vorte brukt til rekonstruksjon av gamle bunadar. Men det er ikkje berre bunadar dei er på jakt etter. Folkedraktmateriale til kvardag og fest kan seie oss noko om dei lokale tradisjonane i området. Fotografi som viser gamle klede, er også av interesse.

Husflidlaget ber Gossingar og Julsundingar om å leite etter gamle skattar der dei minst ventar det. Gamalt folkedraktmateriale kan for eksempel ha vorte brukt til isolasjon rundt vindauge og dører i gamle hus.

Husstandane vil få tilsendt eit skjema som dei kan fylle ut dersom dei har noko som dei meiner kan vere av interesse.

 

Lue frå Måndalen

Gamle plagg hadde ofte eit lokalt preg. Her er eit flott lue frå Måndalen (1700) i fint importert silkestoff og pulsvantar frå 1808.

 

Aukra husflidslag

Dei vil ha deg til å rota i krikar og krokar: Regionskonservator Signy Haraldsen (Romsdalsmuseet), bunadleiar Grete Bruaset (Romsdalsmuseet), Hanna Valved Korsvik, leiar i Aukra Husflidlag, Signe Brunvoll, bunadhandverkar (Romsdalsmuseet).

 

Tips ein ven Skriv ut