4 barn som sitter på vegen

Hovudopptak barnehage 2017/2018

Det er tid for å søkje plass i barnehagen. Søknadsfrist er 1. mars 2017.

Nye søkjarar og dei som skal bytte tilbod eller barnehage frå august 2017 skal søkje.

Skjemaet gjeld alle tre barnehagane, Trollmyra, Barnebo og Bergetippen.
Dei som allereie står på venteliste, treng ikkje å søkje på nytt.

Ein finn søknadsskjema i høgremargen og på "skjema a-å" under B - Barnehagesøknad 2017/18. OBS! Vel riktig søknadsskjemaet - for barnehageåret 2017/18!

Dersom de meiner at de har rett til redusert foreldrebetaling og / eller gratis kjernetid, finn de søknadsskjema for det i høgremargen her (Foreldrebetaling). Dersom de har spørsmål, ta kontakt med kommunen på telefon 71 17 15 00 eller e-post post@aukra.kommune.no 

Tips ein ven Skriv ut