showImage

Høge fødselstal i Aukra

Aukra tek ein sterk 21. plass i barnefødslar i Noreg! Heile 45 barn kom til verda i fjor, det vil seie at 1,45 % av innbyggjarane er født i 2005. I fylket ligg Aukra på ein god andreplass, bak Ulstein kommune.
 Dukker Aukra ligg dermed over både landssnittet på 1,23 prosent og nabokommunane (Eide 1,39 %, Fræna 1,30%, Molde 1,10%, Midsund 0,83%) når det gjeld nye innbyggjarar.

 

Sidan 2001 har snittet låge på 32 fødslar per år. Kva det høge fødselstalet i 2005 skuldast, kan verken ordførar eller helsesøster svare på. Men dei meiner at utviklinga er gledeleg:

-         Fødselstala gjenspeglar optimismen i Aukra. Vi håper det er ein trend som vil fortsette, seier ordførar Aud Mork.

Tips ein ven Skriv ut