Helsestasjon

Helsestasjon

Aukra kommune har to helsestasjonar. Aukra helsestasjon har lokalar i Helsesenteret på Gossen. Julsundet helsestasjon held til i Hollingbygg i Julsundet.

Helsestasjonen har tilbod om svangerskapsomsorg og sped- og småbarnskontrollar. Dette er eit gratis og frivillig tilbod. Målet er å fremje god helse og førebygge sjukdom. I programmet for helsestasjonen inngår mellom anna samtale kring forhold som foreldre og barn sjølv ønskjer å ta opp, foreldrerettleiing, helseopplysning, vaksinasjon og legeundersøking.

Vi tilbyr også foreldreførebuande kurs og heimebesøk etter heimkomst frå fødeavdeling.

Ved behov for vidare hjelp eller behandling samarbeider vi med og kan henvise til andre instansar, for eksempel barnelege, PP-tenesta, barne- og ungdomspsykatrien, NAV etc.

Jordmortenesta
Jordmortenesta er organisert som ein del av helsestasjonsverksemda. Kontoret til jordmor er på helsestasjonen på Gossen. Jordmortenesta har som mål å ivareta det ufødte barnet, den gravide og hennar familie gjennom svangerskapet, fødselen og den første tida etterpå.

Den gravide tek sjølv kontakt med jordmor for avtale om time.  Tenesta er gratis.

F.o.m. 01.11.15 samarbeider Aukra og Molde kommune om denne tjenesta. Jordmor har kontordag på Helsestasjonen mandag og onsdag. For timebestilling ta kontakt på sms eller ring jordmor på 477 03 550 for å avtale tid for svangerskapskontroll.

Kontaktinformasjon      
Leiande helsesøster Camilla Hjellset Orø 71 17 14 34 913 25 930
Helsesøster Heidi Magerøy Hoksnes 71 17 14 31 481 56 255
Helsesøster Tonje Vikhagen 71 17 14 79 404 48 035
Jordmor Elisabeth Herje Sogge 71 17 14 32 477 03 550
Fysioterapeut Inga Sølvi Korsvik Melby 71 17 14 25 474 51 611
Sekretær May Britt Rindarøy 71 17 14 30  


E-post: helsesostertenesta@aukra.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut

Lenker