showImage

HELSESØSTER 100% STILLING

Helsestasjonen har lokaler i Helse- og sosialsenteret på sentrumsområdet.
I dag har vi ei leiande helsesøster i 100% stilling og jordmor i 50% stilling.
Dette er ei nyoppretta stilling og tilsetjing kan skje straks. Stillinga er oppretta på midlar frå opptrappingsplanen for psykisk helse.
 showImage.asp?imgID= 6597  

Vi søker helsesøster:

  • Med godkjent utdanning som helsesøster.
  • Med interesse for psykisk helsearbeid.
  • Med openheit for tverrfagleg samarbeid.

Evne til å arbeide sjølvstendig og personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt.

 

 

 

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande jobb med hovudvekt på førebyggjande arbeid i skolehelsetenesta i grunnskolen og i vidaregåande skole. Fokuset vil vere barn og unges psykiske helse.
  • Dyktige medarbeidarar, eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår.
  • Pensjons- og forsikringsordningar i KLP, med 2 % trekk i lønna til pensjonsordninga.
  • Gjensidig prøvetid på 6 mnd.

 

Nærare opplysningar får du hos leiande helsesøster tlf. 71 17 14 31 eller hos einingsleiar for helse- og sosialtenesta tlf. 71 17 14 00.

Søknad med CV, rettkjende kopiar av attestar og vitnemål og referansar sendes Aukra kommune, helse og sosialtenesta, 6480 Aukra seinast 10.02.06.

 

Tips ein ven Skriv ut