www.aukra.kommune.no

eldre med rullator

Heimesjukepleie

Heimesjukepleien yter pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Tenesta kan for eksempel inkludere sårbehandling, personleg stell og medikamenthandtering.

Heimesjukepleie sine oppgåver:

  • Bistand til å meistre daglege aktivitetar og behov.
  • Hjelp til alvorleg sjuke og døyande. Ved omfattande hjelpebehov kan tenesta bli gitt ved Aukraheimen.
  • Tilrettelegging ved måltid, administrasjon av medikament, injeksjonar og smertelindring.
  • Sårbehandling og blodprøvetaking for brukarar som ikkje er i stand til å oppsøkje legekontor.
  • Installere og administrere tryggingsalarm.
  • Formidle kontakt med kommunal fysioterapeut/ergoterapeut.
  • Informere om offentleg tannhelseteneste til brukarar som har hatt hjelp frå pleie og omsorgstenesta i minst 3 mnd.
  • Søkje om hjelpemiddel.

Pårørande må hjelpe brukar med tenester utover det heimetenesta kan gje tilbod om, til dømes følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l.
Heimesjukepleie er gratis.
 

Tips ein ven Skriv ut