Forelder og barn.

Samarbeid mellom heim og skole

Samarbeidet mellom skole og heim er forankra i Opplæringslova, forskrifter til lova og i Kunnskapsløftet.

Skolen skal støtte heimen i oppfostringa av ein ny generasjon og førebu dei unge på oppgåver dei får i samfunnet. Foreldre og føresatte har hovudansvaret for å følgje opp eigne barn, og må difor ha medansvar i skolen. Det er skolen som pliktar å leggje til rette for at samarbeidet med heimen skjer.

Frå Opplæringslova §1-1:

Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk
og kulturell innsikt og forankring.

Frå Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet:

Skolen og lærebedrifta skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen.

 

De kan finne meir informasjon om samarbeidet mellom skole og heim på desse linkane:

Tips ein ven Skriv ut