Grensejustering

Grensejustering er justering av ein gjeldande grense mellom to naboeigedomar.

Slik søkjer du om grensejustering

  • Send søknadsskjema til kommunen. Hugs at alle eigarar av rørde eigedomar må signere søknadsskjemaet.
  • Legg ved kart som viser ønsket justering av grensa.

Viktige avgrensingar
Arealet mellom to eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m2. Ønskjer du større endringar må du søkje om arealoverføring.

Eigedomane sin verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn grunnbeløpet til folketrygda.

Vilkåra om areal og verdi gjeld ikkje eigedom som i sin heilskap er regulert til samferdselsformål, når justeringa er i samsvar med vedteke reguleringsplan.

Tips ein ven Skriv ut