Godkjenning av barnehagar

Lov og regelverk knytt til godkjenning av barnehagar
Aukra kommunestyre er både barnehageeigar og barnehagemynde. Ei av oppgåvene til barnehagemynde er å godkjenne nye og eksisterande barnehagar. Dette seier barnehagelova om godkjenning av barnehagar:

§ 10. Godkjenning
"Kommunen avgjør søknad om godkjenning etter en vurdering av barnehagens egnethet i forhold til formål og innhold, jf. §§ 1, 1a og 2. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for driften med hensyn til antall barn, barnas alder og opphaldstid."

Heimelsgrunnlaget i lov og forskrifter er som følgjer:

  • Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (Barnehagelova)
  • Lov 1967-02-10 nr 00: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (Forvaltningslova)
  • Plan og bygningslova
  • Forskrift om miljørettet helsevern i barnehage og skole
  • Arbeidsmiljølova
  • Brann- og eksplosjonsvernlova

Barnehagemynde fattar vedtak om godkjenning basert på eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag. Det er einingsleiar/styrar som har ansvar for å innhente grunnlagsdokumentasjon i samband med godkjenning. I tillegg skal styrar i søknaden vurdere barnehagen er eigna i høve til barnehagelova § 1 og 2 når det gjeld føremål og innhald, jf. barnehagelova §10.

Søknaden vert handsama av Rådmannen ved pedagogisk rådgjevar, og sak vert lagt fram for Livsløpsutvalet.

Lov 1967-02-10 nr 00: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (Forvaltningslova).
Lova krev at forvaltningsorganet skal ha eit godt nok kunnskapsgrunnlag før vedtak vert fatta. I dette ligg at godkjenningsmynde må ha klargjort kva for vilkår andre mynde har stilt før godkjenning vert gjeve. (Bygningsmynde, helsemynde, brannvesen og arbeidstilsyn)

Livsløpsutvalet vedtok den 27.08.2013 Prosedyrer for godkjenning av barnehagar, sak 43/13.

 

Tips ein ven Skriv ut