showImage

Gapahuk ved Smågevatnet

I løpet av sommaren har Aukra jeger- og fiskeforening fått på plass flytebrygge, ei gruve og reist ein gapahuk. Smågevatnet friluftsleir tek form.
Den flunkande nye gapahuken er forseggjort med lafta tømmer, naglar av tre og torvtak. Den har to bord med sitteplassar, trebenkar langs alle veggane og ei rampe for barnevogn og  rullestol. Bygget ligg godt til rette ved sjøkanten, der turstien startar, ikkje langt frå parkeringsplassen. Like ved er det laga ei gruve til matlaging. Men det beste av alt, gapahuken og området rundt kan brukast av alle.

 Gapahuk

Lafta tømmer, naglar av tre og torvtak gjer eit solid inntrykk.  Det er Leif Monsen og Johan Gjeldvik som har brukt store delar av sommaren til å få gapahuken på beina.

 

-         Gapahuken er til fri bruk, men større selskap eller arrangement må avtale om lån først. Det same gjeld leige av kanoar, presiserer leiar i Aukra jeger- og fiskeforening, Kjell Brunes.

 

Eit av måla til foreninga er å få dei yngre til å bli glade i friluftslivet. Brunes vonar at leiren kan aktivisere ungdommen.

-         Leirplassen eignar seg godt som turmål for skoleelevar, og til neste sommar har vi planar om arrangere ein villmarkscamp, seier han og lokkar med opplevingar som kanopadling, leirbål, turgåing, fiske og teltliv. 

 Gapahuk og kanoar

Ta kontakt med Aukra jeger- og fiskeforening og Kjell Brunes dersom du ønskjer å leige kanoane.

 

 

 

Leiaren er godt nøgd med dei siste utbetringane, men oppmodar folk om å bruke leiren med måte:

-         Dersom folk ryddar opp etter seg, brukar varme på ein fornuftig måte, set eingongsgrillane på trygt underlag, er plassen brukande for dei som kjem etter, seier han.

 gruve

Utanfor gapahuken er det tilrettelagt for grilling. Jeger og fiskeforeninga har også planar om å mure opp ein utepeis like ved.

Enno manglar ein del element før dei kjem heilt i mål. Toalett og søppelbøtter står øvst på lista. Utanfor gapahuken har dei planar om å mure opp ein utepeis. Myra ved austenden av vatnet skal bli til ein høveleg teltplass. Biltrafikken skal stoppast ved å snevre inn vegen frå parkeringsplassen slik at berre vogner og rullestolar, syklar og gåande får passere. Flytebrygga må festast betre før den kan takast ordentlig i bruk. Fisk skal setjast ut i vatnet. Tiltaka vil halda jeger og fiskeforeninga i ande i god tid framover.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut