vann stein

Fysioterapi

I Aukra kommune er det fire fysioterapeutar. Alle held til på helsesenteret på Falkhytten. Tenesta består av to privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen, og to kommunalt tilsette fysioterapeutar.

Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/ klientsituasjonar. Fysioterapeutars kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon. Vi tilbyr behandling, rehabilitering og førebyggjande tiltak for å gjenvinne optimal bevegelse- og funksjonsevne.

For å få fysioterapi, må du ta kontakt med ein av fysioterapeutar. Ein må pårekne ein viss ventetid. Dersom vi vurderer at det hastar, kan ein få behandling innan 14 dagar. Øvrig ventetid varierer. Fysioterapeutane har felles venteliste.

Avbestilling av time må skje seinast kl.15.00 dagen før. Dersom du ikkje avbestiller timen dagen før, må du betale for timen.

Betaling: Informasjon om betaling finn du på Norsk Fysioterapeutforbund sine heimesider.

Pasientreiser: Dersom du av medisinske årsaker ikkje kan kome deg til fysioterapien, skal fysioterapeuten bestille transport via pasientreiser.

Hjelpemiddel til barn og unge under 18 år: Kontaktperson Inga Sølvi Korsvik Melby

Adresse:  Aukraringen 17, 6480 Aukra

Kontaktinformasjon:

Kommunal fysioterapeut Inga Sølvi Korsvik Melby 71 17 14 25     474 51 611
Kommunal fysioterapeut Therese Stokke Viken 71 17 14 33 971 60 713
Privat fysioterapeut Ingjerd Fyfe 71 17 14 27 979 88 612
Privat fysioterapeut Rolf Oterhals 71 17 14 26  
Kommunal fysioterapeut, vikar Øyvind Try Leiner 71 17 14 25 911 14 266

 

Tips ein ven Skriv ut