Nyttårsaften

Fyrverkeri/pyroteknisk vare - sal, oppbevaring og avbrenning

For å kunne selje og oppbevare pyroteknisk vare må ein søkje om løyve til dette før sal-sesongen kvart år.

Søknadsfrist for slikt sal er 1. mai.

Løyve kan bli innvilga til forhandlarar som har fast stad for utsal. Salet skal føregå over disk.

Salsperioden for fyrverkeri er i tidsrommet 27. til og med 31. desember.

Etter søknad frå kjøpar kan brannsjefen ut frå ein brannteknisk vurdering av m.a. aktuell bruksstad og årstid gje særskilt løyve til å kjøpe fyrverkeri utanom ordinær salsperiode.

Det må sendast søknad til politiet. Dei sendar den vidare til brannvesenet for endeleg godkjenning, dersom avbrenning/oppskyting av fyrverkeri er tenkt nytta til anna formål enn ordinær nyttårsfeiring.

Nytt av året er krav til forhandlarkurs i regi av Norsk brannvernforening. Kursbevis skal ligge ved søknaden.

Slik løyve vert gjeve etter vurdering av kvart einskild tilfelle.

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar