showImage

Fruktelig godt!

P Riksfjord skole er det gratis frukt til alle elevar, i alle fall fram til jul.

 showImage.asp?imgID= 8643

Elevane har fått både eple, banan, nektarin og appelsin på skolen. Men favoritten er appelsin, meiner Taysir, Thea, Ole, Maria og Iselin.

 Klokka er 10 ein vanleg formiddag, og på Riksfjord skole spreier dufta av appelsin seg i gangane. Det er første friminutt og tid for ’fruktpause’ og dagens frukt. To elevar frå kvar klasse hentar ei stor korg med appelsinar som dei deler ut i klasserommet. I fjerde klasse vil nesten alle ha, og ordninga er populær.

-         Heilt supert å få gratis frukt, seier Johanna.

-         Frukt er sunt og godt, har Robin lært.

-         Kvifor er det sunt?

-         Fordi dei veks på tre, meiner han, mens Hanne trur det er fordi frukta inneheld D-vitaminar, eller var det C?

 

For mange av elevane er den halve appelsinen det første dei et denne dagen. Ei kjapp handsopprekking syner at dei færraste i fjerde klasse har fått i seg frukost. Lærar Gunnar Kolflåth er glad for fruktordninga som gir elevane litt naudsynt ’startkapital’, ikkje minst med tanke på dei som ikkje har ete tidligare. Han deler appelsinane i båtar, litt praktisk tilrettelegging må til for at dei skal få i seg frukta. Opp til fjerde klasse får dei ei halv frukt, dei eldre får ei heil.

 

  Regjeringsløfte

Tidligare kunne elevane betale og abonnere på ei frukt kvar dag, noko om lag halvparten av elevane nytta seg av. Frå august har frukta vore gratis for alle. Det er midlar frå fylket, FAU og skulen som finansierer skolefrukta fram til jul. ’Skolefruktansvarleg’ Liv Randi G. Mevold vonar at regjeringa gjer alvor av løfta om å dele ut gratis frukt til alle elevar slik at ordninga også held fram på nyåret.

 showImage.asp?imgID= 8644

-   Skikkelig sunt med frukt, meiner Adrian.

 

 

Tips ein ven Skriv ut