Logo frisklivssentral

Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er ei kommunal førebyggjande helseteneste.

Frisklivssentralen gir tilbod om hjelp til mestring av eigen helse gjennom individuell rettleiing, kurs og grupper knytt til tema som:

• fysisk aktivitet

• kosthold

• tobakk

Målgruppe:

Målgruppa er personar som har behov for støtte til å endre levevaner på grunn av auka risiko for sjukdom, eller som allereie har utvikla sjukdom. Frisklivssentralen gjev tilbod om hjelp til å starte ein endringsprosess og mestre nye levevanar.

Frisklivsresept:

Fastleger, anna helsepersonell og NAV kan tilvise til frisklivssentralen ved å skrive ut ein frisklivsresept. Det er også mogleg å ta direkte kontakt sjølv.

Reseptperiode:

Den som er tilvist frisklivssentralen vil i fyrste omgang få tilbod om oppfølging i 12 veker. Perioden byrjar med ein individuell helsesamtale, kor ein saman utarbeidar ulike mål og ein plan for perioden. Helsesamtalane har fokus på å styrke eigen motivasjon til endring og oppleving av mestring. Det er også tilbod om oppfølgingssamtaler i løpet av perioden. Ein får tilbod om å delta på treningsgrupper og bra mat kurs. Perioden avsluttast med ein ny helsesamtale, ein blir då einige om å enten avslutte oppfylginga eller fortsette med ein ny periode. Pris: 300kr pr. periode

Bra mat kurs:

Kurset arrangerast kvar vår og haust. Kurset går over fem samlingar à 2 timar og inkluderer også praktisk matlaging. Her kan du få meir kunnskap og inspirasjon om korleis du kan forbetre kvardagskostholdet ditt. Pris: 300kr

Treningsgrupper:

Tysdagar kl. 09-10 er det treningsgruppe ute. Oppmøte ved helsesenteret.

Fredagar kl. 10-11 er det trening inne på Riksfjord/Kulturskolen.

Begge gruppene blir leia av fysioterapeut.

 

Kontaktpersonar i Aukra kommune:

Camilla Hjellset Orø, helsesøster tlf.: 913 25 930

Therese Stokke Viken, fysioterapeut tlf.: 971 60 713

Øyvind Try Leiner, fysioterapeut tlf.: 911 14 266

Tips ein ven Skriv ut