Aukra omsorgssenter, forside komplett forprosjekt

Forprosjektrapport Aukra omsorgssenter

Vedteke i k-sak 63/16, 21.06.2016

Aukra kommune skal byggje det beste og mest i moderne omsorgssenteret i landet i 2018

Oppgåva

Det nye Aukra omsorgssenter vil vere ein spydspiss med utforminga og plasseringa si på tomta og forsterke vidareutviklinga av sentrum i Falkhytten.

Ope og inviterande for alle

Fellsfunksjonane på 1.etasje opnar seg og vender seg til Falkhytten sentrum og inviterer til sambruk med kommunale funksjoner, handel og den nye skolen. Det er godt tilrettelagt for aktivitet og samarbeidmellom bebuarane på omsorgssenteret og Aukra sine innbyggjarar. Bebuarane kan på eiga hand eller saman med pårørande å kome seg ut og delta i det lokale samfunnslivet.

Gode, varierte og lune uterom

Bygningane og vegetasjonen på staden dannar lune og attraktive uterom. Gode innerom med arkitektoniske kvalitetar. I utforminga av omsorgssenteret har det vore fokus på å utvikle ei planløysing som gir pasientane tryggje rammar som fungerer for pasientar med demens og andre målgrupper med behov for heildøgns pleie.

Planen er organisert slik at nærleiksbehovene er oppfylt med korte og rasjonelle vegar for kommunikasjon . Romma er gitte ulike romlege kvalitetar som dagslys, utsyn, sol, skugge, romklangskjerming og eksponering.

Planløysinga sitt hovudgrep er organiseringa rundt to sentrale vertikale heis- og trapperom lett synleg frå hovudinngang med resepsjon og det horisontale "strøket" med alle fellesfunksjonane i 1.etasje. Denne planorganiseringa sikrar intuitiv og logisk orientering i bygget samtidig som den gir effektiv drift og høve for sambruk mellom institusjon og omsorgsbustader i 2. og 3.etasje.

Arbeidsmiljø

Effektiv planorganisering og gode funksjonelle løysingar med korte avstandar og høve for sambruk, legg til rette for eit godt arbeidsmiljø. Andre viktige faktorar er tilrettelagde personalrom, uformelle møteplassar, standardiserte rom der det er muleg, arkitektoniske kvalitetar som dagslysutsyn og godt innemiljø med god luftkvalitet akustikk og materialbruk.

Prosess

Etter ein pris- og designkonkurranse blei det inngått kontrakt med HENT AS som saman med samarbeidspartnarane sine pka ARKITEKTER, landskapsarkitekt frå Agraff arkitektar og rådgivande ingeniør bygg frå Aas & Jakobsen har gjennomførd samspelfasen frå februar til juni 2016. Det har vore avhalde 5 samspelmøte med Aukra kommune. Denne forprosjektrapporten er resultatet av samspelfasen, kor konkurranseutkastet erutvikla i samarbeid med brukarane og Aukra kommune.

Omsorg i sentrum, forprosjekt.

Tips ein ven Skriv ut