Barn som har laget mennesker av pinner

Foreldreråd og samarbeidsutval

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta i vare barn sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

For å sikre foreldra sin medverknad og ha eit godt samarbeid med heimen til barnet skal barnehagen ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.

Foreldrerådet er foreldra til alle barna. Dei skal fremje felles interesser og bidra til at samarbeidet er med å skape eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet er foreldre, tilsette og eigar (Aukra kommune). Det skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.

Barnehageeigar skal sikre at viktige saker vert lagt fram for foreldreråd og samarbeidsutval.

Tips ein ven Skriv ut