Innvandring og integrering

Innvandring og integrering har ansvaret for å ta imot og hjelpe flyktningar og innvandrarar i etableringsfasen slik at integreringsprosessen skal bli best mogleg.

Busetting
Vedtak om busetting vert fatta av kommunestyret og skjer i samarbeid med IMD i region midt- Norge.

Introduksjonsprogram
Aukra kommune har ansvar for å tilby nyankomne flyktningar eit introduksjonsprogram. Introduksjonsprogrammet er eit heilvekers- og heilårleg kvalifiseringsprogram som går over 2 år. Det gjev rett til introduksjonsstønad. Introduksjonsprogrammet har tett samarbeid med Molde voksenopplæringssenter og NAV.

Lokalmiljøet
Aukra kommune tek gjerne imot hjelp og bistand frå lokalmiljøet knytt opp mot dei flyktningane som kommunen tek i mot. Det kan vere så enkelt som å gå på besøk, ta nokon med på tur/aktivitet, lære vekk ting, prate saman, eller vere hjelpelærar for barna. Rett og slett ting som gjer det enklare for den nybusette i Aukra å bli ein del av lokalsamfunnet.

Tips ein ven Skriv ut