Ergoterapi

Ergoterapi

Ergoterapeuten kan bistå kommunens innbyggjarar som har eller er i ferd med å få vanskar med å utføre ulike aktivitetar i sin kvardag.

Målgrupper:

  • Menneske med sjukdomar eller skadar
  • Menneske med funksjonshemmingar
  • Befolkninga generelt

Oppgåver:

  • Kartlegging av hjelpebehov
  • Bustadtilrettelegging ved å kartlegge bustadens fysiske utforming og den enkeltes behov for bustad og føreslå tilretteleggingstiltak
  • Bistå i byggjesaker
  • Råd og rettleiing i forhold til bilsaker
  • Hjelpe til med å finne og søkje på tekniske hjelpemiddel som leiges ut gratis gjennom Hjelpemiddelsentralen
  • Korttidsutleige av hjelpemidla frå kommunalt lager
  • Bistå ved søknad om parkeringsbevis, ledsagerbevis

Ergoterapeuten er synskontakt og kan bistå ved utprøving og søknad på synshjelpemidla samt tilrettelegging av omgjevnadar i forhold til synshemminga. Ergoterapeuten er hjelpemiddelansvarleg i kommunen og kommunens kontaktperson opp mot Hjelpemiddelsentralen. Alle førespurnadar om reparasjonar, bytte og innlevering av hjelpemidla går til ergoterapeuten.

Ergoterapiteneste er gratis.

Kontaktinformasjon:
Ergoterapeut Selma Angel Hoem tlf  71 17 14 13 / mobil 474 63 956
Besøksadresse:  Aukraringen 17, 6480 Aukra
 

Tips ein ven Skriv ut