showImage

Entusiastisk ja til ny møteplass for ungdom

Det blei nesten hallelujastemning i kommunestyresalen då alle politikarane sa ja til ny samlingsplass for ungdom på Gossen onsdag 3. mai. Eit lokale i ’Gamle trykkeriet’ i sentrum skal leigast ut til dette formålet.

Lokala på 150 kvm i første etasje skal stå klar frå 1. september. Det er ungdomane sjølve som skal stå for drifta av tiltaket, i lag med eit styre som består av foreldre og ungdomar. Aktuelle aktivitetar kan vere kurs, aktivitetskveldar, minikonsertar, dataspel og filmframsyning. Lokalet er godt eigna til sambruk med andre brukarar som til dømes i samband med aktivitetar for eldre og framandspråklege.

Lokale med potensiale: Det er ungdomane sjølve som skal fylle lokala i første etasje med liv og røre.  Gamle trykkeriet

 

 

Tips ein ven Skriv ut