ENØK-tiltak

Dette kan du gjere utan søknad:

  • Etterisolering av bygg og utskifting av gamle vindauge
  • Installering/oppføring av luft til luft varmepumper
  • Installering/oppføring av solvarmeanlegg og solceller er ikkje søknadspliktig når anlegget ikkje fører til at bygningen sin karakter blir endra. Kvar grensa går for søknadsplikt må vurderast i kvart enkelt tilfelle så send gjerne planane dine til kommunen for vurdering om det er søknadspliktig.
  • Ved etablering av brønnar for geovarme/jordvarme/bergvarme, må tiltakshagar forsikre seg om at tiltaket ikkje kjem i konflikt med annan infrastruktur. Etablering av slike brønnar skal meldast til Norges Geografiske Undersøkelse (NGU).

Hugs at dersom bustaden din er verneverdig e.l., så gjeld dei eigne reglar. Følgjande må du søkje kommunen om:

Skal du gjere andre enøk-tiltak enn det som er nemnd ovanfor, må du søkje kommunen.

Det kjem an på omfanget om du kan stå ansvarleg for tiltaket sjølv, eller om det krev at eit kvalifisert profesjonelt/føretak står ansvarleg.

Tips ein ven Skriv ut