Vatn, avløp, eigedom, renovasjon

Energiportalen

Vil du spare straum?

Energiportalen - eit gratis verkty for å energianalysere bustaden din

Innbyggjarar i kommunen kan no bruke eit eige verktøy for å energianalysere bustaden sin og berekne innsparingar frå ulike energitiltak.

Slik går du fram:

  • Gå til Aukra kommune sin energiportal
  • Skriv inn adressa eller gards/bruksnummer til bustaden du ønskjer å analysere
  • Vel rett adresse frå menyen som dukkar opp
  • Legg inn opplysningane dine om bustadstandard, oppvarming og husstandsinformasjon

Ut frå dei innlagga opplysningane blir dagens energibruk og kostnad utrekna.

Du kan undersøkje effekten av forskjellige energitiltak for eksempel ulike varmeløysingar som varmepumper, vedovn og pelletsovn eller etterisolering av tak, vegger og golv og utskifting av vindauge.

For hvert tiltak blir besparelse i energibruk og kostnad beregnet, og du får også beregnet forventet reduksjon av CO2 utslepp. I Energiportalen finn du også oversikt over lokale leverandørar i nærområdet ditt.
 

Tips ein ven Skriv ut