www.aukra.kommune.no

Bryllup_600x399

Endring i ekteskapslova - kommunal vigsel

Frå 1. januar 2018 blir ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar overførd frå tingrettane til kommunane etter ei lovendring i ekteskapslova. Aukra kommune vil frå 1. januar ha eit kommunalt vigselstilbod til eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busette i Noreg.

Aukra kommune jobbar no med å få på plass rutinane rundt dette. Nærmare informasjon vil vere tilgjengeleg på heimesida før nyttår.

Har du spørsmål om sjølve vigselen, ta kontakt på: post@aukra.kommune.no eller kontakt sentralbordet 71 17 15 00.  

Før vigselen
Det er skatteetaten som utfører den førebuande saksbehandlinga og alle skjema blir fylte ut på skatteetaten.no.

Skjemaet må de sende til det lokale skattekontoret. Skatteetaten sjekkar då om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Skatteetaten skriv så ut ein prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Denne attesten er gyldig i 4 månader frå utsending. Original attest må sendast til Aukra kommune tidlegast når gyldig attest ligg føre og seinast 3 veker før vigsel.

De kan sende attesten til:
Aukra kommune
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

Har de spørsmål om dokumentasjon eller regelverk, ta kontakt med Skatteetaten.

Kven kan kommunen vie?
Kommunen har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for kommunen sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapslova § 12 a.

Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen for at kommunen si plikt gjeld. Kven som reknast å vere busett i kommunen følgjer av dei allmenne reglane om folkeregistrering av bustadadresse, jf. folkeregisterlova med forskrifter.

Ekteskapslova byggjer på ein føresetnad om at dei som oppfyller vilkåra for inngåing av ekteskap og krava til prøving, har krav på vigsel i Noreg. Det gjeld også personar som berre oppheld seg mellombels i landet. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld både for utanlandske brudefolk og for norske statsborgarar som er busette i utlandet. Desse gruppene skal også få nytte seg av vigselstilbodet i kommunen, utan å måtte betale for dette.

Kommunen kan sjølv fastsetje om dei vil tilby vigslar for andre kommunar sine innbyggjarar. Dette vil kommunen komme tilbake til.

Kostnader
Vigselstilbodet er gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar. Kommunen kan ta betaling for nødvendige meirkostnader dersom det er ønskjeleg at vigsel skal skje utover det vanlege tilbodet om tid og stad. Kostnader som kan krevjast dekket av kommunen etter forskrifta § 2 og § 3 er for eksempel utgifter for vigslar, transport, oppvarming av lokale eller andre utgifter.

Kvar skjer seremonien?
Seremonien vil som utgangspunkt skje i kommunestyresalen ved Aukra kommunehus.

Adresse:
Aukra kommune
Nyjordvegen 12
6480 Aukra

Korleis skjer seremonien?
Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp 10-15 minutt før avtalt tid for vigsel. Hugs å ta med legitimasjon. Brudefolket med gjestar må vente utanfor seremoniromma til dei vert vist inn. Det skal vere to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.

Dersom ein av brudeparet er framandspråkleg, må de på førehand avtale kva språk som skal brukast under seremonien. Vigselen kan skje på norsk eller engelsk. For andre språk må de sjølv sørgje for kvalifisert tolk.

Endeleg vigsleattest vil bli ettersend av folkeregisteret.

Seremonien varer i 10-15 minuttar. Ordførar eller varaordførar står for vigselen. Brudefolket vert vist inn i seremonirommet saman med gjestane. Sjølve vigselen skjer ved at ordførar les ein fast tekst for borgarleg vigsel. Så vert brudefolket spurt om dei vil ha kvarandre til ektefellar. Ordføraren erklærer dei som ektefolk. Til slutt underteiknar brudefolket, vitna og ordføraren vigslingsprotokollen.

Dersom brudefolket ønskjer å utveksle ringar, må det meldast på førehand, gjerne ved bestilling av tid for vigselen. Dei kan óg gje beskjed til ordføraren før seremonien startar. Ringane set brudefolket på når ordføraren har erklært dei som ektefolk. Ordføraren seier frå når ringane kan utvekslast.

Det kan gjerne vere musikk eller diktlesing under seremonien. Gje beskjed på førehand dersom det skal vere slike innslag.

Fotografering kan skje under og etter seremonien etter avtale med ordføraren. Brudefolket må ordne med eigen fotograf.

Lovverk 
Ekteskapsloven Lov om ekteskap

Forskrift om kommunal vigsel

Tips ein ven Skriv ut