Endring av arealplan

Ein reguleringsplan er gyldig til den blir erstatta av ein ny plan, går ut på dato (gjeld berre detaljplan), eller blir oppheva.

Dersom du ønskjer å endre ein vedteken reguleringsplan, må ein søkje om dette til kommunen. Den som skal utarbeide forslag til ein reguleringsplan (forslagsstillar) må vere fagkyndig.

  • Større endringar blir behandla som privat planforslag.
  • Mindre endringar som er i samsvar med hovudtrekka i reguleringsplanen, blir behandla etter plan- og bygningslova § 12-14.

Grensegangen mellom desse er eit skjønsspørsmål som blir vurdert og fastsett av kommunen i kvart enkelt tilfelle.

Ei mindre reguleringsendring blir behandla normalt samtidig med ein søknad om grensejustering  eller deling av grunneigedom.

Søknaden må innehalde:

  • Brev med forklaring av og grunngiving for ønskte endring.
  • Kart i målestokk 1:1000, eventuelt 1:500 med rutenett.
  • Gjenpart av nabovarsel eller kopi av brev til rørde partar.
  • Eventuell vurdering av nabomerknader.

Naboliste kan du bestille via Infoland. Kartet kan skrivast ut frå kommunen si kartside.

Søknad om dispensasjon frå arealplanen

Endring av kommuneplana sin arealdel

Kommuneplana sin  arealdel  blir revidert ca. kvart 4. år i samband med rullering av kommuneplana.

Tips ein ven Skriv ut