Elektonisk faktura

Elektronisk faktura Aukra kommune

Frå 1. januar 2016 innfører vi obligatorisk bruk av EHF-faktura (Elektronisk handelsformat) for leverandørane våre.

Vi innfører elektronisk faktura og kreditnota i EHF format for alle leverandørane våre på alle typar innkjøp og bestillingar. I ein overgangsperiode fram til 1.mars vil vi framleis akseptere faktura i papirformat. Etter denne dato returnerast alle faktura vi mottek på papir, epost eller andre format.

Bruk av EHF-faktura gjev ei rekkje fordelar for begge partar:

  • Raskare betaling – postgang og manuelle rutinar vert redusert
  • Innsparing i form av papir, porto og automatiserte rutinar
  • Risiko for feil vert redusert (feiltasting og/eller tolking ved skanning)
  • Miljøbesparande

I Stortingsmelding nr. 36 (2008-2009) «Det gode innkjøp» vert det gjeve retningsliner om framtidig elektronisk fakturering. Vi syner også til forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning § 10. Det er og signal om at dette etter kvart vert innlemma i lov om offentlege anskaffelser.

Kva må du som leverandør gjere for å kunne sende EHF-faktura?

Les veiledning som kort beskriver de ulike valgmulighetene du har for å komme i gang med EHF-fakturering.

NB. Denne rettleiaren er utarbeidd av Molde kommune.
Det vert halde eit felles informasjonsmøte for leverandørane våre ang. EHF 9. desember kl. 10:00-12:00, stad: Rådhussalen i Molde. Møtet vert annonsert seinare.
Dei same krav vil gjelde for følgjande kommunar frå 01.01.2016: Molde, Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Surnadal, Eide og Fræna

Du kan finne ut meir om EHF/ELMA/Aksesspunkt på: www.anskaffelser.no/elektronisk-handel

Spørsmål kan rettast til:  fakturamottak@aukra.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut