showImage

Eit godt kulturliv kan ikkje vedtas

Det var bodskapen til einingsleiar Ingvild Aas og føredragshaldar Arild Hoksnes, då oppvekst og kultureininga samla om lag 35 representantar frå lag og organisasjonar til sosialt samkvem på Soltun i går kveld.
 showImage.asp?imgID= 8833 Introduksjon av oppvekst og kultureininga, praktisk informasjon om søknadsfristar for neste år, heimebakst og gløgg, spørsmål og svar, samt eit inspirerande innlegg frå Arild Hoksnes var ingrediensane i løpet av dei to kveldstimane den 11. desember.

- Det må samhandling til skal ein skape noko på kultursektoren, seier initiativtakar Ingvild Aas. Ho ønskjer å få til to faste samlingar i året, der aktørar innan det lokale kulturlivet kan kome saman for å utveksle erfaringar og bli betre kjende med kvarandre. - Kanskje kan dette føre til betre samarbeid på tvers av dei tradisjonelle skiljelinjene, og at ein saman kan bli sterkare, seier ho.

Arild Hoksnes trådde denne kvelden ut av den meir kjende komikarrolla, og sto fram med eit brennande engasjement rundt det å løfte seg som kulturaktør. -  God kultur oppstår som eit resultat av engasjement, det er ikkje ein konsekvens av politiske vedtak. Så vent ikkje på offentleg støtte, ta heller styringa sjølv, oppmoda Hoksnes.

Einingsleiar Ingvild Aas melder om berre positive tilbakemeldingar etter samlinga. Kulturlivet ønskjer ein møteplass, og det skal vi tilby, avsluttar ho. Praktisk informasjon som vart gitt på møtet finn du her:

 

Kulturtilskot 2007
Søknadsfrist 1. mars 2007.
Eigne søknadsskjema blir sendt ut. Dei vil også ligge på denne nettstaden, eller kan hentast på kulturkontoret eller biblioteket.
Kategoriar: Song, musikk, idrett og andre
Det kan også søkast om tilskot til drift av hus eigd av organisasjonar.
I tillegg: Eiga ordning om leiaropplæring. Søknader kan mottas heile året.

 

Hydromidlar 2007
Søknadsfrist 1. mars 2007
Eigne søknadsskjema blir sendt ut. Dei ligg også på denne nettstaden,
eller kan hentast på kulturkontoret eller biblioteket.
Kategoriar: Idrett, friluftsliv, kultur og velferd.
Til fordeling: 1,5 millionar kroner.

 

Spelemiddelsøknader 2007
Frist inn til kommunen: 10. januar 2007
Ordninga gjeld: Idrettsanlegg, ordinære nærmiljøanlegg, mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg.

 

Rullering av kulturskoleplan i 2007
Oppstart planarbeid: Januar 2007
Brukarundersøking og breitt samansett referansegruppe er verktøy i arbeidet.

 

Rullering av kommunedelplan for idrett, aktivitet og friluftsliv 2007
Oppstart planarbeid: Vår 2007
Aukra idrettsråd er referansegruppe

 

Tips ein ven Skriv ut