Betaling for opphald i sjukeheim

Eigabetaling for opphald i institusjon er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 og Forskrift om egenandel for helse og omsorgstenester. Det kan ikkje krevjast eigenandel for kortidsopphald gitt som avlasting for å avlaste pårørande for deira omsorgsoppgåver.

For korttidsopphald inntil 60 døgn har Aukra kommune eigabetaling lik maksimalpris fastsett av Stortinget. I 2014 er eigabetaling på dag- og natt-opphald kr 74,- og eigabetaling for kortidsopphald kr 142,-/døgn. Prisane blir justert årleg. Ved kortidsopphald over 60 døgn, blir eigabetaling lik som ved langtidsopphald.

Eigabetaling for langtidsopphald: Aukra kommune ved Institusjonstenester fattar eige vedtak om eigabetaling ved langtidsopphald. Eigabetalinga vert beregna ut frå pensjon frå Folketrygda, andre faste trygdeytingar, arbeidsinntekt, leigeinntekter, rente- og kapitalinntekter.

Som berekningsgrunnlag brukar Aukra kommune siste tilgjengelege likning. Er inntekta endra frå siste likning bør bebuar eller pårørande fylle ut eit skjema der opplysningar om inntekt og frådrag vert gjort greie for. Kvart år vert det gjort ei kontrollberekning på grunnlag av likninga og skatteoppgjeret som vise reelle inntekter og frådrag. Om det er betalt for mykje eller forlite vil det bli føreteke eit etteroppgjer.

Tidsrom for iverksetting av vederlag: Krav om vederlag for langtidsopphald blir sett iverk etter ein kalendermånad, berekna frå tildelingsdato. Bebuar har ein frimånad.    Bebuarar med kortidsopphald på over 60 døgn i kalederåret betalar for langtidsopphald frå første dag.

Eigabetalinga/døgnpris skal ikkje overstige dei reelle opphaldsutgiftene.  Døgnprisen skal reknast ut frå brutto budsjetterte driftsutgifter, minus brutto budsjetterte driftsinntekter. Budsjettert eigabetaling frå bebuarane, kapitalutgifter og renter skal haldast utanfor (jf Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester § 3).

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Aukraringen 25, 6480 Aukra
Tlf: 71 17 11 30
e-post: post@aukra.kommune.no

Einingsleiar Siri Halvorsen  mobil 976 45 133

Berit Bytingsvik  tlf 71 17 11 30

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester
 

Tips ein ven Skriv ut