Vatn frå krane

Drikkevatn

Aukra kommune skal sikre levering av tilstrekkelege megde reint vatn frå kommunens vassforsyningssystem.

Drikkevatn skal vere hygienisk betryggande, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk.

Aukra kommune skal sikre forsyning av vatn fram til brukaren. Kommunen skal varsle brukaren om planlagde driftsavbrudd og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel rensning/spyling av leidningsnettet. Sjå annonse i presse mv. Kommunen kan gje restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel. Om nødsituasjonar (katastrofar mv.) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil brukarar og næringsverksemnder bli informerte om situasjonen og kor lenge den midlertidige/provisoriske vassforsyninga vil vare.

I områder utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv etablere eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggeløyve utan at det foreligg tilfredsstillande vatn- og avløpsløysing.
 

Tips ein ven Skriv ut