Dr.Riiber

Dr Riiber

Aukra kommune er eigar av ambulansebåten Dr Riiber. Båten vart overlevert i november 2004 frå Gazelle Technology, som fekk båten bygd ved Br Hukkelberg i Aukra. Sommaren 2011 vart båten ombygd og det vart satt inn større motorar.

Båten har kontrakt med Ambulanse Midt på ambulansekjøring i distriktet Aukra / Midsund / Sandøy, øyane i Molde kommune og Bjørnsund i Fræna kommune. Båten inngår i legevaktsamarbeidet mellom Aukra / Midsund / Sandøy.

Alle oppdrag blir styrt frå AMK-sentralen ved Ålesund sjukehus.

Båten har eit mannskap beståande av førar, matros / motorpassar / ambulansepersonell og ein ambulansearbeidar. Ambulansearbeidarane kommer frå Fræna ambulansen, som sidan 1. januar 2013 har hatt ansvaret for ambulansen i Aukra. Ambulansearbeidarane og ambulansepersonell utgjer mannskapet på ambulansebilen i Aukra.

Våren 2014 flytta båt-/ambulansepersonell  inn i ny ambulansestasjon i tilknytning til brannstasjonen på Falkhytten.

Medisinsk nødtelefon: 113

Legevaktstelefon for Aukra / Midsund / Sandøy: 116 117

 

Tips ein ven Skriv ut

Artiklar og nyheiter

Tenesteforklaringar